Vakuumpakka terror?

Ved å studere utviklinga dei siste 25 åra, kan ein slå fast: Det er nær umogleg å få ein etablert politikar til å seia at sjølvmordsaksjonistar og «tilfeldige lastebilsjåførar» spring ut av islam eller islamismen.

Sist i Stockholm: Sjåføren var jo einsam, utan kontakt med folk, utan ideologisk inspirasjon, utan rollemodellar.

Var han vakuumpakka?

Bortforklaringane står ofte i kø blant folkevalde og i media, inkludert John O. Egeland i Dagbladet 9. april.

Han snur pennen mot oss islamkritiske. Dei fortener kjeft når dei «utnytter tragedien» og er så freidige at dei skisserer årsakene før politiet og styresmaktene har klarlagt saka endeleg. Carl Bildt uttalte at ved slike attentat er det enkeltståande «galningar» og «mistilpassade» som er på ferde. Han hadde ingen tankar om relasjonen til jihad og islam.

Sjølvbedraget i den offentlege multikulturalismen er seigliva.

Politikarane vil sjølvsagt dysse ned problema, så lenge det går. For demokratiet er det ille når også pressa sviktar. For alle med makt i systemet gjeld dei tre k’ane: Konsensus, Karriere og Komfort.

Mange muslimar på kontinentet og i Norden lever i Europa fysisk, men ikkje mentalt. Med røter i islamsk kultur drøymer mange om Kalifatet. Heilt sidan Sayyid Qutb – forsterka av Khomeini og ein serie terroristorganisasjonar i Asia og Afrika – har muslimske ekstremistar hatt som mål å knekke rivalar, demokratiet og vår liberale kultur og levemåte. Med masseinnvandring, og med «raus» asyl- og flyktningepolitikk, blir ikkje trusselen frå jihad mindre.

Dess fleire som praktiserer islam, dess fleire islamistar.

«Tiltak mot radikalisering?» Gjerne det, men ingenting kan trumfe demografien og kulturen.

Wednesday, April 19th, 2017 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments