«Tenk om vi kunne droppe valgkampen og gå direkte til valg i år»

«Tenk om vi kunne droppe valkampen og gå direkte til val i år,» skreiv ein på Twitter nyleg. Jo meir eg tenkjer på dette, dess meir besnærande blir idèen. Tenk, folkens, på alt vi hadde sluppe unna av ordonani, enerverande debattar og dølle utspel om denne annakvart-år-seansen rett og slett hadde blitt avlyst.

Ingen politikarar som pliktskuldigast held gamle damer i handa på ein eller annan sjukeheim for å vise oss kor viktige desse damene plutseleg er. Ingen pinlege augneblikk der keitete valkjemparar løftar opp babyar medan dei eigentlege er pissredde for at nurket skal gulpe på dei. Ingen gigantar sitjande på bittesmå, ukomfortable barnehagestolar fordi ein strateg har fortalt dei at dette er viktig for å sanke småbarnfamiliestemmar. Ingen syngande eller dansande politikarar som ikkje kan synge eller danse.

Men vi slepp ikkje unna. Valkampen har starta for lengst. Høgre sparka han i gong med at Erna Solberg lova at ho i dei neste fire åra skal jobbe for å jamne ut dei økonomiske skilnadene mellom folk. Synd ho ikkje kom på det i dei fire åra ho har vore statsminister. Det er ikkje sikkert ho får ein slik mogelegheit igjen.

Kommunikasjonsekspertar har site i tenkeboksar saman med toppolitikarar i alle parti for å utarbeide best muleg valstrategi. Partiet Rødt i sin knallraude for å finne ut korleis dei skal klare å få minst ein representant på Tinget. Strategien kan vere rimeleg enkel; å la filmstjernevakre Bjørnar Moxnes sjå veljarane djupt i augo. Då gløymer dei kor venstreradikalt partiet eigentleg er, og at dei heiar på planøkonomi, fleire forbod og høgare skattar.

Systerpartiet, med søtnosen Audun Lysbakken i spissen, har opphalde seg i sin raudgrøne boks og planlagt litt av same strategien. Men SV har ambisjonar om å komme over sperregrensa denne gongen òg. Deira beste kort er fleire lærarar og færre elevar i klassene. Eigentleg underleg at ikkje alle politikarar hoppar på dette, for dei òg må ha opplevd at service og atmosfære blir dårlegare og meir overflatisk på restaurantar med mange gjestar og få kelnarar.

Den største boksen, dekorert med raude roser, tilhøyrer Arbeidarpartiet. Der trekkjer strategar i alle retningar. Difor er det førebels uklart i kva lei partiet vil. Kven skal dei samarbeide med i regjering, KrF eller SV, kva med oljeleiting i Lofoten, kor høge skattar tåler folk? Det dei veit, er at dei vil regjere med Senterpartiet.

SP sin tenkeboks er irrgrøn. Men veggane er dekorerte med bilde av ihelskotne ulvar. Strategien deira er enkel. Det er berre å seie «distrikt og sentralisering» mange nok gonger, så får dei megaoppslutning i grisgrendte strøk. Passar dei på å rope «ulv, ulv» nokre gonger òg, er dei brått det største partiet langs størstedelen av svenskegrensa.

Dei grøne, MDG, har òg grøn boks. Han har blitt litt mindre i det siste, og dei har nok fått erfare at bil er langt viktigare enn frisk luft og å redde miljøet for framtidige generasjonar. Skal dei ha suksess i valkampen, må dei nok bite i det grøne eplet og love ein motorveg eller to.

I KrF sin gule boks går diskusjonen høgt om kor kristeleg folkepartiet skal vere. Er det for lite kristeleg, mistar dei stemmer til ukristelege Frp. For mykje av det gode jagar stemmer i alle retningar. Knut Arild Hareide sin våte draum er å hamne i regjeringsseng med Erna Solberg. Men han nektar trekant med Siv Jensen. Difor vippar han forførerisk med stjerten og gjer seg lekker hos AP òg. Støre er freista, men han veit at det ikkje er den heitaste sengekameraten han kan få. Det vil bli mykje mas om «hendene opp på dyna».

Venstre sin boks har mange fargar og er ganske så vaklevoren. Trang òg. Der i garden vil dei korkje vere saman med klimafornektarane Frp eller slemme AP som ikkje ville høyre på dei sist det var raudgrøn regjering. Ein viktig igrediens i strategien deira er i alle fall å insistere på at dei har fått igjennom «utruleg mykje av eigen politikk» som blåblått støttehjul.

Regjeringspartiet Høgre, i blå tenkeboks, har bede blårussen i partiet å dempe pratet om marknadsliberalisme og skattelette fram mot valet. Dei har fått erfare at dette ikkje skapar partystemning i folket. Difor tar dei seg også denne gongen ein svingom innom det politiske sentrum medan valkampen pågår og ein høgresving så snart valet er over.

I Frp sin mørkeblå, rustflekka boks har dei bitterleg fått erfare at å vere i regjering ikkje har blitt den «o salige stund uten like» dei hadde håpa. Dei kjem til å tone ned programposten om 50 milliardar i skattelette dei neste fire åra, sidan dette er eit løfte som går heim hos rikingar flest meir enn folk flest. Det dei verkeleg treng, er ein ny flyktningestraum til Europa. Partiet sitt sikraste kort, er flyktninguvennlege utspel. Men sidan det no ikkje kjem så mange hit, er det vanskelegare å skremme folk. Ein strategi kan vere å få den tyrkiske halvdespoten, Erdogan, til å gå frå løftet om å halde hundretusenvis av flyktningar i Tyrkia mot økonomisk kompensasjon frå Europa. Men då må det diplomati a la Trump til.

Snart brakar det laust for fullt, og ein ting kan vi håpe på; at det i alle fall blir ein fargerik valkamp.

Tuesday, June 20th, 2017 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments