Les Målmannen og døm sjølv!

Frå fyrr av hev Strømmen gjort åtak på Målmannen både i Næravisa i Volda og i Dag Og Tid. I året som gjekk hev Målmannen drive kampanjejournalistikk mot kommune- og regionreformi. Upp mot Høgre og Frp sin pseudo-regionalisme hev me kravd auka lokalt sjølvstyre og regionalisering etter europeisk, føderalt mynster.

Me hev drive kritisk journalistikk mot lokale politikarar og byråkratar som yverkøyrer sambygdingar med kommunesamanslåing og asylmottak. Me hev umsett og umtala alternative tenkjarar frå utlandet, t.d. frå det franske nye høgre.

Me hev rapportert frå viktuge markeringar ute i Europa som ikkje slepp igjenom «sensuren» i Akersgata.

Strømmen skuldar Målmannen for «høgreekstremisme», men er ikkje konkret – burtsett frå ei fire år gamal bokmelding der me tok fyre oss «Ordre Nouveu». Målmannen er elles einaste bladet som hev meldt Strømmen sine bøker kritisk. Det kom aldri noko svar frå Strømmen etter at bokmeldaren vår avdekte at «Den sorte tråden» var notorisk uetterretteleg.

Han skuldar også Målmannen for å blanda rollor av di eg var i panelordskifte i Ungarn. Kva er problemet? Strømmen hev vore med i langt fleire panelordskifte enn meg, med minst like tydeleg politisk slagsida.

Panelordskiftet var for fem år sidan. Det er mindre enn to månader sidan sist gong Dagbladet vart felt i PFU, medan Målmannen på 15 år ikkje hev ei einaste klaga.

Strømmen og Dagbladet bør feia for eigi dør. Alle andre kann vitja maalmannen.no og døma sjølve.

Thursday, July 13th, 2017 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments