Det trengs modige val og tydelege svar

Valkampen er i gang. Stadig fleire av dei sentrale politikarane er på banen for å overtyde veljarane om at nett dei har dei rette svara. Men kva er spørsmåla? Spørsmål som vil vere avgjerande for neste generasjon, men som er relevante for folk flest også her og no?

Vi ser ei verd i endring. Vi treng då politikarar som møter dei store utfordringane som vi ser kome. Utfordringar som strekkjer seg utover segway, «norske verdiar» eller ulv. Som fagforeiningsleiar vil eg her peike på tre saker der det trengst modige val og tydelege svar:

1. Politikarar av alle fargar snakkar stadig om satsing på kunnskap, om omstilling, og om teknologi. Det skal skapast nye og framtidsretta arbeidsplassar. Men likevel flaggar vi ut ei rekkje viktige og sentrale oppgåver, også i offentleg sektor.

På kort sikt kan det nok vere både billegare og meir effektivt å outsource, men på lang sikt er det samfunnsøkonomisk skadeleg. Både norske bedrifter og samfunnet blir tappa for konkurransekraft. Politikarar og leiarar i private og offentlege verksemder må spørje seg om ein mogleg, kortsiktig økonomisk gevinst er viktig nok til å ofre norske kompetansemiljø og arbeidsplassar, samstundes som ein svekkjer tryggleiken og mister kontrollen.

Det trengst mottiltak. Det handlar ikkje om proteksjonisme, men om konkurranse på like vilkår. Utdanning er også på dette området nøkkelen. Og dessutan: systematisk samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet.

Vågar norske politikarar å legge rammer for at det i framtida skal satsast på kompetansebygging, ikkje på kompetansedumping?

2. «Grøn omstilling» er blitt eit begrep dei fleste politikarar smykkar seg med. Skal Noreg klare å byggje ny industri, som er heilt avgjerande om vi skal klare å behalde velferdsordningane våre, så må det omstilling til.

Kan dagens politikarar våge å tenkje like offensivt som politikarane gjorde på 1960- og 1970-talet, då vi skapte oljeindustrien? Då blei det i startfasen tatt viktige val som har fått betydning for den velstanden vi har i dag. Vågar dagens politikarar å stikke fingeren i jorda og innsjå at vi nå må gå frå ei industriepoke og starte på ei ny? Og vil vi sjå politikarar som i staden for «visjonære slagord» kan legge fram ein truverdig strategi for ein ny klimavennleg industriæra for landet vårt?

3. Noreg har vore eit land med små skilnader og stor tillit. Evna til å kombinere sosial og økonomisk likskap med konkurransekraft og produktivitet er ei av våre sterke sider, og som mange andre land strevar vi med å forstå. Vi har klart dette mellom anna takka vere eit tett samarbeid mellom stat, arbeidsgjevar og fagrørsla – trepartssamarbeidet.

Denne grunnmuren må forsterkast og fornyast. Vi ser no nye utfordringar med nye forretningsmodellar i den digitale økonomien som knapt kjenner landegrenser, og som avdekker manglar ved dagens ordningar. Difor treng vi no politikarar som vågar å kjempe for arbeidsplassar og arbeidstakarrettar også i den digitale økonomien.

I ei verd der demokratiet blir utfordra og er under press i fleire land, er deltaking i politikk og samfunnsliv heilt avgjerande. I så måte spelar fagrørsla – ikkje minst den partipolitisk ubundne delen – ei viktig rolle. Unio-forbunda og medlemmene har forventningar og krav på ei rekkje område til alle politiske parti!

Wednesday, August 9th, 2017 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
March 2024
M T W T F S S
« Oct    
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Recent Comments