De lagde den beste sommerlåta

Sommaren er her, og mange vil høyre sommarlåtar. Me vil kose oss i sola, og høyre på musikk som handlar om å kose seg i sola, så me er heilt sikre på at me kosar oss i sola. Rart med det. Og om du høyrer på sommarlåtar av typen hip-hop, får du ikkje berre servert sommarstemning, du vert òg ofte instruert nokså direkte om kva du skal gjere for å ha det sommarleg: Sett på denne låten – ja, denne låten du allereie høyrer på – i bilen, og cruis. Sjå på dei lettkledde damene (det er sjølvsagt ein mann som rappar). Spel basketball. Røyk litt pot. Grill noko kjøt.

I tillegg til å servere stemning og instruksar, har mange hip-hop-sommarlåtar ein tydeleg bodskap: Sommaren er bra, men hugsar du sommaren «back in the days»? Dét var paradis. Han er underleg, denne nostalgien i hip-hop – ein sjanger som i den grad har levd livet framlengs, til tider i svært høgt tempo, men heile tida kikar seg tilbake. Og du treng ikkje å ha vore der personleg; nostalgien er ein kvalitet i seg sjølv i hip-hop, noko som fører til det artige paradokset at ungdommar skrålar med på låtar som lengtar tilbake til dei gode gamle dagane, som var før dei var fødde.

Minus og minus vert pluss? Ein av dei som har hatt størst hell med denne litt uinteressante sommarsjangeren, er òg ein av tidenes minst interessante rapparar, og låten funkar som ei kule. Mannen som dei fleste i dag kjenner under namnet Will Smith, er no ei av verdas største og rikaste filmstjerner. Men i gamle dagar, før han vart filmstjerne, til og med før han vart sitcom-stjerna frå «The Fresh Prince of Bel-Air», hadde han stor suksess som halvdelen av DJ Jazzy Jeff & The Fresh Prince. Debutalbumet kom allereie i 1987, og dei gav ut i alt fem plater før Smith gjekk solo og fekk eit par hits aleine, mellom anna den gigantiske «Gettin’ jiggy wit it». (No er duoen på veg ut på turné igjen, og dei kjem til Europa i sommar.)

DJ Jazzy Jeff & The Fresh Prince hadde ikkje «explicit content»-klistremerke på platene sine. Dei var kjekk og sunn ungdom som ikkje banna, og dei var eigentleg litt tannlause og kjedelege. Men The Fresh Prince rappa ikkje dårleg; han hadde eit godt, greitt og trygt flow, og han kunne òg vere vittig på denne litt vimsete og småsjarmerande måten. I 1991, på albumet «Homebase», finn me duoens største hit, og framleis beste låt, den Grammy-vinnande sommarslageren «Summertime».

Mykje av låtens kvalitet ligg i beatet, som er lekkert og smakfullt, og både luftig og med tyngde, bygd på eit sample av «Summer madness» av Kool & The Gang. Men The Fresh Prince legg seg òg fint i miksen, med eit laidback og truverdig flow – ein slags lightversjon av Rakim – og han går rett inn på denne deskriptive og sjølvrefererande stilen: «Here it is, the groove slightly transformed / Just a bit of a break from the norm». Me tar ein pause frå kvardagen, for det er sommar, me tar òg ein pause frå resten av låtane våre, som er mykje raskare og meir masete.

«Summertime» inneheld alle dei førnemnde faste ingrediensane som ein hip-hop-sommarlåt skal ha, bortsett frå marihuanaen, sjølvsagt. Når me høyrer låten i dag, kan han verke litt uoriginal, men då gløymer ein at dette er ein av låtane som definerte heile stilen. Det er heller dei som kom seinare, som er uoriginale (det er også meir enn nok norske rapparar som har funne ut at ‘chille’ rimar på ‘grille’).

Handlinga i «Summertime» er i notid, men alt The Fresh Prince gjer og alt som skjer, får han til å tenke på sommarane i gamle dagar. Dei fire finaste, djupaste og dummaste linjene kjem mens han er på grillfest i det tredje verset:

Sittin’ with your friends cause y’all reminisce
About the days growin’ up and the first person you kiss
And as I think back makes me wonder how the
smell from a grill could spark up nostalgia

Det lurer han altså på, men han følger ikkje opp på undringa; han må vidare til nye stemningsbilete. The Fresh Prince har ikkje kome for å gjere oss så mykje klokare på verken sommaren eller nostalgien, men for å få oss til å kjenne på sommaren, få oss til å kjenne oss sommarlege. Me har trass alt fri. Som han seier i det andre verset: «And with a pen and pad I compose this rhyme / To hit you and get you equipped for the summer time».

Kanskje me likevel kan verte litt klokare. Kva gir denne episodiske og litt overflatiske forteljemåten oss? Kanskje me kjenner oss igjen i den selektive hugsen som er viktig for å fungere som vaksne menneske. Det er noko i denne bittersøte mimringa me likar, og som fortel oss noko om kvifor me er som me er. Ordet nostalgi betyr smertefull heimreise, men det er ei reise i tid, det handlar om å reise heim til barndommen.

All skriving handlar om å fortolke eller prøve å forstå tilværet, og då må ein (også) sjå bakover. Men få kunstartar er vel så opphengde i å sjå og hugse tilbake som hip-hopen, både i form av samplingar av Kool & The Gang, og sentimentale tekstar i nostalgiske gladlåtar, eller i forteljingar om kor fæl oppvekst ein har hatt.

Hip-hop er barnsleg, og her ligg kanskje noko av svaret. Rim og regler, skryt, humor, overdriven tru på eigne evner, utprøving av grenser; rapparen er på mange måtar ein infantil skapnad, så det er kanskje naturleg at han lengtar tilbake til barndommen.

Så berre set på denne låten, og kos deg i sola. Cruis vidare, seint, framlengs i livet, og gløtt slapt i sidespegelen.

Sunday, June 4th, 2017 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments