Symbolgjerdet er heilt i tråd med Frp sin stengselpolitikk

Og det skjedde i dei dagar at det gjekk ut eit bod frå justisminister Anders–eg–sit–på–masse-forskning-Anundsen om at det skulle byggjast eit 200 meter langt gjerde på grensa mot Russland i Storskog i Finnmark. Dette var det fyrste grensegjerdet som blei bygd i den tida Erna Solberg var landshøvding i Noreg. Sidan Anundsen aldri vil få noko minnesmerke reist etter seg på grunn av sin mildt sagt labre justisinnsats, blir dette hans personlege bautastein over seg sjølv.


Jarl Wåge
Vis mer

Sjølvsagt er symbolgjerdet også heilt i tråd med partiet hans sin stengselpolitikk. Anundsen og hans medsmåhøvdingar sin våte draum er eit gjerde langs heile norskegrensa. Tenk så flott. Eit uoverklatrbart stengsel mot all verdas ondskap som siklar etter å komme inn og valdta norske verdiar. Eit gjerde tapetesert med plakatar, på norsk og muslimsk, om at dette landet berre er for kvite. «Ikkje ein einaste potensiell terrorist over våre grenser. Det finst berre ein Gud; den kristne. Her byggjer vi mur rundt norske verdiar. Du få`kke leke her i våres gård. Brunost er best til kvardag og fest.»

Det sørgjelege er at denne hersens norskegrensa er 2562 kilometer lang. Det ville koste så uhorveleg med pengar å begjerde henne at det ikkje ville bli ei krone att til skattelette for rike folk flest, og ingen ting er verre enn fornærma rikingar flest.

Difor må Anundsen og ekskluderingsminister Sylvi-badar-i-overlevingsdrakt- med-flyktningar-Listhaug berre drøyme vidare om at leiaren hennar, Morna-Jens-Jensen, skal grave enda djupare i oljefondet og hoste opp stengselspropagandamilliardar nok til at våte draumar blir tørre. Medan ho ventar, passar ho med jamne mellomrom på å rope: «Ulv, ulv,» og matar alle skremde sjeler med bodskap om at dei er på veg, at Noreg er truga, at borna våre er i fare kvar dei går.

Alle veit at ho aldre vil la seg rokke ein millimeter til å tru at dei som prøver å ta seg hit har andre grunnar for farefulle båtreiser over opprørt hav enn å få komme hit og svømme i vår rikdom. Bilde av drukna barn på gresk strand eller bombesjokka, apatisk, blodig treåring i Aleppo får henne ikkje til å vike ein tomme i si salige tru på at dette herberget ikkje har rom for andre enn oss som allereie er her.

Det handlar om dette eine: Norske verdiar. Kva norske verdiar er? Definisjonsproblem. Enorme definisjonsproblem. Jau, forresten. Likestilling. Funkar bestandig. «Sjå kor rørande opptekne vi er av likestilling. For muslimske kvinner. Burkini fysj. Hijab føy.» Og likestillingsombodet skal leggjast ned. Dei som elskar dei som «elskar» muslimske kvinner når det passar seg slik, hatar alle norske godheitstyrnannfeministaraberniggerfittehorer som hadde hatt så inderleg godt av å bli gjennombora av ein kristen, norsk stake.

Ostehøvel, binders og kristendom er andre norske verdiar på vikande front. Ikkje pinglete, mild Jesus-kristendom om toleranse, nestekjærleik og «for den som bankar på skal det latast opp» pisspreik. Slikt gnål kan like godt gå til botnars saman med flyktningar i Middelhavet. Det er den gammaltestamentlege, beinharde guden som gjeld. Ikkje han femikladden av ein son. Han guden som visstnok seier: «Hat. Hat alt slags degenerert pakk generelt og muslimpakk spesielt.»

Sjølvsagt hadde ein ny, diger flyktningestraum veltande innover Europa vore eit draumescenario for dei mørkaste blå blant oss. Det er ingen løyndom at folk flest ikkje går i fistel av begeistring over skattelette, mindre pengar til velferdsordningar, større skilnad mellom rike og fattige, ei ekstra taxfreevinflaske eller Segway til folket. Det einaste som løftar Frp opp på meingsmålingane er flokkar med mørkhuda, muslimske barn, kvinner og menn som lainar opp for å få asyl. Då kan ulike ministrar gå inn i yndlingsrolla si og med dødsalvorleg røyst fortelje oss at lukt til helvete går det med heile vårt land om dei ikkje får all makt til å stoppe erobrarane.

Sjefen sjølv for desse musketerane, landshøvding Erna Solberg, har ei anna tilnærming til flyktningeproblemet enn sine meir rabiate medsamansvorne. Ho seier: «Mangfald, fargerikt fellesskap, felles ansvar, og vi må hjelpe dei som treng det.» Snedig totungetale, sjølvsagt, når ho utnemner ein heilt annan språkfamilie til å forvalte honnørorda.

Akkurat no, eitt år før nytt Stortingsval, er det forresten ein heilt annan type totungekommunikasjon som skal perfeksjonerast av regjeringssjefen. Ho har midlertidig hengt si isblå drakt inn i skapet og er i ferd med å ta på seg eit meir lilla kostyme.

Dette hamskiftet har ho lært av Fredrik Reinfeldt, to perioders statsminister for Moderatarne, Høgre sitt søsterparti i Sverige. Bodskapen frå Reinfeldt er: «Ikkje vis kva du eigentleg står for i valkampen. Ta steg til venstre, lat som om du er mindre konservativ, meir opptatt av miljø og utjamning mellom folk, av fargerikt fellesskap og folk som flyktar frå krig og elende. Fisk i andre parti sitt vatn.

Om du vinn valet, ikkje nøl med å vrenge av deg den lilla drakta og hente fram att den isblå. Vinn du, sit du så trygt at du slett ikkje treng ha kvaler med kven du utnemner som ministrar til å gjere drittjobbane og byggje nye gjerde.»

Saturday, September 17th, 2016 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments