Korleis kan me vere skråsikre på at sprøytemiddelrestar i maten er ufarlege?

I Folkeopplysning-programmet om økologisk mat konkluderte fysikaren Andreas Wahl at det var ingen grunn til å bekymre seg for sprøytemiddelrestane som ein finn i frukt og grønt i konvensjonelt landbruk. Sjølv om over halvparten av frukt og grønt inneheldt restar av fleire sprøytemiddel, var alle under dei trygge grenseverdiane, forsikra eksperten Edgar Riveldal frå Vitenskapskomiteen for mattrygghet som var intervjua.


Unni Eikeseth, NTNU
Vis mer

Heller ikkje den såkalla blandingseffekten eller såkalla coktaileffekten av ulike sprøytemiddelrestar kombinert med andre miljøgifter var det grunn til å uroe seg for. Mengdene vi blir utsett for er for små.

Trass i, eller kanskje nettopp fordi, eg er kjemikar kjenner eg meg mindre trygg enn Wahl på at sprøytemiddelrestane er ufarlege. Historia har dessverre gitt oss for mange eksempel på at kjemikaliar vi trudde var harmlause, ikkje var det likevel.

For korleis kan eigentleg norske matmyndigheiter vere så skråsikre på at sprøytemiddelrestar i maten er ufarlege?

Så seint som i mai i år skreiv EFSA, EUs organ for mat-tryggleik, at ein enno manglar kunnskap om mekanismen til blandingar av kjemikaliar. National Institute of Environmental Health Sciences i USA seier det same: Forskarar har enno ikkje ei klar forståing av helseeffektane av desse sprøytemiddelrestane. EFSA har derfor sett i gang ei rekke forskingsprosjekt for å skaffe seg meir kunnskap om blandingar av kjemikaliar, særleg når det gjeld kva effekt dei har hos barn.

Dei siste tiår har kjemikarar laga millionar av nye materiale og kjemikaliar. Talet på registrerte kjemiske stoff er for tida 120 millionar. Sjølv om mange av dei har vore til stor nytte for verda, skal ein vere nokså blåøygd for å tru at kjemikarar og toksikologar har full oversikt over kvar alle desse stoffa havnar og kva for effekt dei har på helsa vår.

I ein rapport frå 2012 skreiv Verdas helseorganisasjon, WHO, at rundt 800 kjemikaliar var kjent for eller mistenkt for å vere hormonforstyrrande. Hormonkonsentrasjonar blir målt i nanogram (10-9 gram) per liter. Er det heilt utenkeleg å sjå for seg at hormonhermande plantevernmiddel kan forstyrre kroppens hormonsystem, sjølv i små mengder? At også mange naturlege stoff kan vere hormonforstyrrande er for øvrig ikkje eit argument for at det er ok å introdusere hundrevis av nye syntetiske hormonhermarar.

Dei siste åra har ei rekke studiar funne samanhengar mellom sprøytemiddel og risiko for sjukdom. Tidlegare i år publiserte forskarar ein metastudie som viser ein samanheng mellom eksponering for enkelte sprøytemiddel og utviking av diabetes-2. I fjor fann norske forskarar at gravide som åt økologisk mat i svangerskapet hadde halvert risiko for å føde gutebarn med misdanning i urinrøyrsopninga.

Nordmenn har i dag mellom 200 – 400 kjemikaliar i blodet, stoff som generasjonane før oss ikkje hadde i kroppen. Det er sjølvsagt mulig at det er heilt ufarleg og ikkje har nokon helseeffekt på oss. Men sanninga er altså at ingen ekspertar kan seie dette heilt sikkert enno. Fram til ein veit meir skulle ein tru at ein porsjon audmjuke og litt mindre skråsikkerheit ville vere på sin plass både frå Vitenskapskomiteen for mattrygghet og NRKs Folkeopplysningen.

Tuesday, September 27th, 2016 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
March 2024
M T W T F S S
« Oct    
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Recent Comments