Ingen norsk politiker er så Trumpsk splittende som Sylvi Listhaug

Då sonen min blei fødd (1973), var det ikkje noko som heitte pappaperm. Eg hadde to dagar fri frå jobben. Kona mi fekk tre månaders svangerskapspermisjon, og så bar det attende til jobben for henne òg. Då var det sjølvsagt ikkje tilbod om barnehage, så det var å finne dagmamma. Han fikk ikkje plass i barnehage før han var tre år. Slik var det for alle småbarnsforeldre på den tida. Kvinner fødde barn, jobba, fødde barn, jobba, og veldig lite var tilrettelagt frå samfunnet si side.

Når eg ser attende på denne tida og den formidable innsatsen desse yrkesaktive småbarnsmødrene gjorde, er det bare å bøye seg i nasegrus beundring. Dei var dobbeltarbeidande i ordets rette forstand, ofte med mann som ikkje hadde hus og heim som fyrsteprioritet.

Etter kvart innsåg kvinnene at dersom dei skulle kunne ta utdanning og gjere karriere, måtte tilhøva leggjast til rette på ein heilt annan måte når det kom barn til verda. Dermed bar det opp på barrikadane for feministar av alle kjønn. Dei satsa blod, sveitte og tårer for å gjere det enklare å vere småbarnsforeldre.

I løpet av eit par tiår bar kampen frukter. I ettertid ser vi formidable resultat av innsatsen. Noreg har på mange måtar blitt eit likestilt samfunn. Vi har verdas beste permisjonsordningar og tilretteleggjing som alle småbarnsfamiliar kan nyte godt av. Også Sylvi Listhaug og mannen hennar som ventar familieforauking om ikkje lenge. Som Grete Berget skreiv i en glitrande artikkel i Aftenposten nyleg, kan dei ta eit års foreldrepermisjon når barnet kjem til verda. Listhaug har signalisert at ho vil tidleg attende til den krevjande ministerjobben. Då slepp ho dagmamma, for mannen kan ta lenger permisjon. Når barnet er eitt år, er hen garantert barnehageplass fram til skulealder. Då er det òg SFO som tilbyr aktivitetar og tilsyn før og etter skulen til fylte ti år.

Det er rett og slett eventyrleg kva ein har oppnådd, og det er ingen tvil om at det er resultat av feministane sin innsats på slutten av forrige århundre. Når Listhaug i denne samanheng forakteleg og respektlaust snakkar om elitefeministar som er ute etter å bestemme over kvardagen hennar, er det komplett historielaust og for mange djupt sårande.

Ingen norsk politikar er så Trumpsk splittande som Sylvi Listhaug. Men ein ting skal ho ha; ho har opparbeidd seg ei stor tilhengjarskare som gjev henne heltestatus. Titusenvis fylgjer henne på fjesboksida hennar og jublar uhemma kvar gong ho seier noko. For enkelte er ho frelsaren som er komen for å berge dette heimsøkt landet. Dei slukjer kvart ord som kjem ut av hennar munn som var det rusmiddel og tar stadig ein Maria og gøymer alle orda i hjartet sitt. Der er det så fullt at det i alle fall ikkje er plass til kritikk av «o store heltinne». Snarare tvert imot. All kritikk prellar av og fell til jorda. Når nokon tek til motmæle (som eg gjer her), blir vi sett på som krigarar som berre er ute etter å knuse og øydeleggje leiarstjerna deira. Det kan sjå ut som om motforestillingar mot Listhaug har null effekt. Det bidreg heller til at disiplane sluttar stadig tettare saman rundt henne i ein slags menneskeleg forsvarsmur.

Når Listhaug i den nye bloggen sin snakkar om «elitefeministar» som bare er ute etter å bestemme korleis folk skal leve liva sine, ja då gjallar det «elitefeministar» i ekkokammeret hennar. At uttrykket er vagt og diffust som landskap i tåke, ser ikkje ut til å affisere nokon. Kven det er som er kvalifiserte til elitedivisjonen, er det ingen som veit. Kanskje dei som er kritiserer Listhaug? Kanskje det er sosialistane? Eller raddisane? Eller dei som ikkje et svin og drikk alkohol på julafta?

Det ironiske er at om Framstegspartiet hadde hatt makta i Noreg dei siste tjuefem åra, er det ikkje sikkert at Listhaug og mannen kunne ha nytt godt av alle dei fabelaktige velferdsordningane feministane har kjempa gjennom. Enda meir ironisk er det at alle småbarnsforeldra som heiar på henne, hadde hatt ein langt meir komplisert kvardag med Frp ved roret.

Det er til dømes ikkje sikkert at alle barn hadde vore garantert barnehageplass. Frp har aldri vore pådrivarar for full barnehagedekning. Det var noko den forrige raudgrøne regjeringa, med SV i spissen, fekk gjennomført. Frp har stemt imot utviding av foreldrepermisjonen. Det hadde garantert ikkje vore øyremerka pappapermisjon med Listhaug og hennar parti i fleirtal, for det er ei ordning dei har lova å skrote. Dermed hadde massevis av fedrar latt vere å ta ut pappaperm. Det skjedde i Danmark då ordninga blei skrota der. Med eit pennestrøk hadde Frp frårana titusenvis av småbarn den grunnleggjande og verdifulle nærkontakten dei no har med far i det fyrste leveåret.

Listhaug seier ho «kallar ein spade ein spade.» Ho er klar og tydeleg i sine standpunkt; på godt og vondt. Men denne gongen har ho slått om seg med spaden og såra mange menneske. Ikkje minst formødrene som på heltemodig vis jobba livet av seg for å gje henne og alle andre småbarnsforeldre ein mykje enklare kvardag. Difor Listhaug, hadde det rett og slett vore på sin plass å seie unnskyld.

Friday, November 18th, 2016 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments