Gårsdagens ungdom

Dei kallar oss lemen, dei kallar oss sauer. Fordi me trykker like på gamle ungdomsbilete og utfører ordren me får i retur. «Del eit bilete sjølv, og be dei som liker det om å gjere det same.»


MIN FEED: Kvar torsdag skriv Anne Gunn Halvorsen i Dagbladet om livet på internett
Vis mer

Me er sauer, fordi me spør ikkje kvifor. Me berre gjer det, og slik sprer det seg som ein farsott. Gamle ungdomsbilete fyller feeden og tre sekunder seinare: den offentlege samtalen. Det var Fritt ord-direktør Knut Olav Åmås som fyrst delte nokre kritiske tankar i eigen FB-status. Me deler altfor villig, utan å tenke over at me gir frå oss informasjon til milliardkonsernet Facebook. Det er lemenaktig framferd.

Men det er ikkje lemen me er. Kan han ikkje sjå i eigen feed? Me er ikkje lemen, me er jo ungdom! Kanskje ser me ikkje slik ut IRL, men dagens vaksne er meir ungdom enn ungdommar flest. Ungdom som handlar utan å tenke seg om, ungdom med mykje fri og som straks etter pliktene er unnagjort flyktar ut og vekk. Når middagen er rydda, ungane lagt (eller flytta ut) surfar me alle ut til den store parkeringsplassen som er Facebook. Me set oss på benken og ser. Skjer det noko her i kveld då? Svaret er vanlegvis nei, men det er ingen betre stader å gå. Og her møter ein iallfall kjente.

Så står me der, sparkar litt og glor til ein seier «trur du eg får plass oppi denne postkassa? Trur du eg klarer å ligge som ein planke på muren der borte? Skal me hoppe i sjøen, tømme ei bøtte vatn over hovudet? Prøv du og, eg utfordrar deg!» og vips så har me noko å gjere, noko å sjå på.

Kven fann på trenden med dei gamle bileta? Teoriane er mange. Nokon trur det er Kreftforeininga som ville rette søkelyset på brystkreft, målgruppa verker jo trass alt til å verre 40 – 60 år. Komiker Dagfinn Nordbø skriv i Åmås’ kommentarfelt at det er ein belgisk pedofilring som står bak. Eg veit ikkje om han meinte det seriøst. Mange trur Facebook har starta det sjølv, som eit tiltak for å få kloa i endå meir personleg informasjon.

Både Kreftforeininga og Facebook har avkrefta at dei er avsendarar. Presseansvarleg hjå Den belgiske pedofiliring hadde ikkje anledning til å svare. Eller, når sant skal seiast orka eg aldri å begynne å google på akkurat det. Så teorien om pedofiliringen kan du framleis slenge ut av deg på fest når du vil ha merksemd. Litt dumt at desse belgiske pedoane må vere vennene dine for å sjå bileta dine då, men hei. Kanskje dei er det!

Det er uansett heldig for Facebook at me i ei vekes tid auka aktiviteten og delte privat stoff att. Det er også sunt at me har slike som Åmås til å peike mot kiosken på hjørnet, og minne oss om at det er dei som eig parkeringsplassen. Dei vil at du skal handle der, det er difor du får lov å henge på plassen utanfor! Det spørs berre om folk bryr seg. Gårsdagens ungdom vil først og fremst ha det gøy, og tenker ikkje alltid så langt. Iallfall ikkje når dei har fri. Kan dei bestille seg ein shot bailey på gamleheimen spelar det mindre rolle om eigaren av heimen, Unicare tek ut stor profitt og let dei tilsette bygge puben på dugnad. Pyttsann, så lenge ting er enkelt.

Og kanskje vil some-ansvarleg hjå OneCall snart stå fram og sei at kampanjen med dei gamle bileta var hennar ide. Det var for å setje fokus på dette nye ungdomsabonnementet/forsikringa/BSU-kontoen du kan ha heile livet. I så fall gratulerer til vedkommende, men du fortener ikkje genierklæringa du vil få. For sanninga er at når folk kjeder seg, blir dei med på kva som helst. Det er berre å aktivisere! Me kan for eksempel låne ei utfordring frå førre episode av Top Model. Finn deg ein fisk eller eit skalldyr å posere med. Det skal vere high fashion, ikkje for sexy. Tenk havne-Vogue eller fiske-Vogue. Den med minst personlegdom i blikket vert sendt ut av Facebook. Har du lest heilt ned hit må du gjere det. Elles må du dø. Sånn er reglane : – )

Friday, September 9th, 2016 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments