Flanellskjortene

Sist laurdag kunne Dagbladet melde at ei ny neonazi-gruppe, Den nordiske motstandsbevegelsen, har sett dagens ljos. Utan nødvendigvis å ha sett ljoset. Dei sette kvarandre stemne i ein tettstad i Telemark. På programmet stod mellom anna eit forsvarskurs. Sikkert etter prinsippet om at åtak er det beste forsvar, sidan det endelege målet deira er å ta «homolobbyen». Kven homolobbyen er, er det ingen som veit. Knapt nok dei sjølve. Men talspersonen for gruppa forsikrar om at vanlege homoar (kven no det er?) ikkje treng å uroe seg om dei brenn regnbogeflagg og fotograferer deltakarar i Pride-marsjar. Så det så.

Dagblad-oppslaget om gruppa med bilde av ein gjeng menn i rutete flanellskjorter, vekte så mykje liv og åtgaum i twitterat og blant fjesbokvener at laurdagskvelden plutseleg blei reine komikvelden. Ein twitterfølgjar lurte på kvar det blei av fascist-svartskjortene og nazi-brunskjortene. Rutete flanellsskjorter har liksom ikkje same schwung. Ein annan kommenterte at det likna meir på ein hyggekveld i Vest-Telemark traktorlag (her snakkar vi ikkje om traktorlesber) enn eit høgreekstremistsymposium. «Etter møtet,» twitra ein, «kåra dei den finaste skjorta. Gunnar vann ein brødristar.» Bildet av desse «heltane i Telemark» gav òg assosiasjonar til dei tider då regjeringsmedlem stilte til budsjettkonferanse iført lusekofte. Ein av skilnadene er truleg at ei regjering har fleire medlem enn Den nordiske motstandsbevegelsen.

Når ein gjeng med neonazihomofobar insisterer på å forsvare våre verdiar ved å ta homoar, er det sjølvsagt gourmetmat for hobbypsykologar. Ein fjesbokven hevda at homofobar er dei det rykte i loffen på i gutedusjen på ungdomsskulen og som alltid etterpå må kjempe imot desse loffrykningane. Og sjølvsagt blei den meir opplagde forklaringa lansert: «Dette er folk som treng nokon å trakke på for sjølve å framstå som sterke.» Enkelte påstår at homofile blir homoar på grunn av dominerande mor og fråverande far. Kanskje homofobar har hatt fråverande mor og dominerande far?

Forsvarsbevegelsen sin talsmann påstår at homolobbyen (kven no det er?) skaper nye og stadig fleire homofile. Altså at homofile ikkje er skapte på gamlemåten med egg- og sædceller og sånn, men gjennom smitte. Kanskje desse ruteskjortekarane er så usikre på eigen seksualitet at dei fryktar at dei skal bli smitta av eit slags homovirus og plutseleg framstå med svake handledd?

Forsvarstreffet i Telemark var forresten, i fylgje talspersonen, riktig så motiverande og lærerikt. Dei hadde fått øve på og lagt grunnlaget for motdemonstrasjonar som dei planlegg under pride-marsjar i fleire større byar neste år. «Ikkje for å ta vanlege homoar, sjølvsagt, men homolobbyen (kven no det er?)». Det som burde bekymre desse frontkjemparane, er at dei er så få. Eigentleg burde dei slå seg saman med Odins Soldatar. De veit, denne andre høgreekstreme gjengen som på død og liv skal verne oss mot alt ondt. Med sine hestehalar, digre smykke, øyreringar, tattisar og like toppar, kunne dei glatt gli ubemerka inn som muldvarpar i homomarsjar.

Men til og med etter ein slik fusjon ville dei vere urovekkjande få. Difor kunne det kanskje vere ein idè å gjere seg lekre hos det sjølvutnemnde muslimmoralpolitiet på Grønland i Oslo og få dei med på flanellskjortehettegensarlaget? Dei er òg uniformerte; med langt skjegg, festlege kalottar og fotside kjortlar. Desse karane ser det blant anna som si heilage oppgåve å hindre homoar i å gå hand i hand over Grønland. Dei er dessutan ekstra ihuga og motiverte etter at dei skeive har slått grusamt tilbake mot antihomoverksemda deira ved å la den årlege Pride-marsjen starte nettopp frå Grønland. Dermed inntar tusenvis av skeive bydelen ein junidag i året sånn at dei stakkars moralens voktarar mellom kvar marsj har draumar stappfulle av spretne tangatruserumper, boafjær og metervis av falske vippar å takast med.

Eit anna vidunderleg alternativ kunne vere at dette tilsynet for høg moral endeleg gjev etter for rykningane i loffen, skiftar fil og går med i Pride-marsjen. Tenk på kva slags heidundrande parolar det kunne avstadkomme: «Homofobar av all slags legningar støttar homofile i kampen mot atomvåpen.» «Elsk kven pokker de vil.» «Det finst berre ei endeleg løysing; fridom og kjærleik.» «Tangatruser og boafjær, ja. Flanellskjorter nei»

Men no er det ikkje laurdag- og komikveld lenger. Dagen derpå kjennest eit kaldt gufs frå Telemark. Dette er neonazistar drivne av hat mot alle dei ser på som lavareståande individ. Dei er ein flokk som ikkje vil nokon noko godt. Vi har å gjere med menneske som på terroristars og ekstremistars vis vil skape frykt og ubalanse. Fyrst skal dei ta soperane. Dei trur visst det er det enklaste. Men hatet deira stoppar sjølvsagt ikkje der. Alle minioritetar er objekt for hatideologiar.

Men pokker heller. Det får gufse så kaldt det berre vil. Som ei allvêrsjakke skal komikken, låtten og festivalstemninga frå laurdagskvelden kle ute isnande ekstremistvindar frå fylket som er kjent for ekte, sterke og modige heltar. Heltar som kjempa og våga livet mot nettopp slike krefter som dei Den nordiske forsvarsbevegelsen representerer.

Monday, September 19th, 2016 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments