Halve USA fikk kaffen i halsen, mens FBI var pottesure


Fredag 21. august får sju heldige kinoar i Noreg lov til å vise «Straight Outta Compton», filmen som fortel historia om verdas farlegaste gruppe, N.W.A frå Compton, Los Angeles. Filmen som heile hip-hopverda har snakka om i månadsvis. Filmen som har inspirert N.W.As Dr. Dre til å endeleg få ut fingeren, og gi ut den fyrste plata si sidan 1999.

Filmens tittel er identisk med gruppas debutalbum, og «Straight Outta Compton» er utan tvil ei av dei viktigaste og mest banebrytande platene i hip-hoppens historie. Det er plata som for alvor sparka i gang bølga av ‘gangsta rap’ på den amerikanske vestkysten, og N.W.A vert derfor ofte omtalt som pionerane innan sjangeren, men det er langt frå heile sanninga. For å seie det enkelt; både Schoolly D og Ice-T hadde laga gangsta rap før dei, og sjølve var N.W.A til tider lunkne til merkelappen.

Gangsta eller ikkje, det som slår meg i dag, er kor straight up hip-hop plata er. Låtane handlar om kven dei er, kvar dei kjem frå, og kva dei ser rundt seg; det handlar om verkelegheita deira, og det rimar. I tillegg skryt dei ein del, overdriv litt, flørtar med nokre gangsterklisjear, og fortel eit par skrøner. Dei har òg med reine danselåtar, som den fine glad-låta «Express Yourself», som eigentleg òg er ein slags anti-dop-låt (med Dr. Dre på vokal, kremt). Kor mange av dei seinare gangsta rap-platene ville hatt dét?

Tematisk sett var «Straight Outta Compton» altså ikkje noko heilt nytt. Men stilen var. N.W.A var eit par hakk hardare, ærlegare og meir ufiltrerte, og mange hakk meir funky enn andre grupper. Beatsa var enkle, effektive og svært funky loopar og trommeprogrammeringar, rima var rå, og variasjonen og kjemien i gruppa var eminent — ikkje minst i dynamikken mellom dei to fremste personlegdomane i gruppa, Ice Cube og Eazy-E. Ice Cube var den velformulerte, skarpe, lyn forbanna og sosialt indignerte tenåringen (!) som hadde gått på ein litt betre skule enn dei andre (og visst nok ikkje voks opp i Compton, men i nabobydelen South Central). Eazy-E var den vittige og gatesmarte unge mannen, som mildt sagt gav fan.

Plata opnar med at Dr. Dre seier «You are now about to witness the strength of street knowledge». Trommene startar, og Ice Cube legg det fyrste verset heilt etter boka; han går rett på sak med å fortelje kven dei er, og kva dette handlar om.

Eg har av og til skriveverkstadar for ungdommar som aldri har rappa før. Etter å ha lært dei litt om rim, rytmar og teljing av taktar, får dei si fyrste skriveoppgåve. Dei skal skrive dei fyrste fire linjene av ein klassisk, skrytande battlerap-låt. I løpet av desse fire linjene skal dei nå å fortelje kva dei (og eventuelt crewet deira) heiter, kvar dei kjem frå (geografisk), og kvifor dei er best/galnast/hardast. Eg hadde heilt sikkert gitt ein S for denne opninga: «Straight outta Compton, crazy motherfucker named Ice Cube / From the gang called Niggaz Wit Attitudes / When I’m called off, I got a sawed-off / Squeeze the trigger and bodies are hauled off»

Ein aggressiv og perfekt start på plata, men det var låt nummer to som vart den største kontroversen: «Fuck Tha Police». Halve USA fekk kaffien i halsen, mens FBI vart potte sure, meinte det var ei urettferdig framstilling, og sende ei skriftleg klage til plateselskapet.

Det er kanskje «Fuck Tha Police» som har mest skuld i gangsta-stempelet som N.W.A fekk frå starten. Ironisk nok — for er det veldig gangsta å kritisere rasistiske og valdelege politifolk? Det er vel nok å vere ein uredd humanist. Eg trur makthavarane var svært fornøgde med sjangernamnet. På den andre sida var amerikansk ungdom fornøgde med at nokon fortalde sanninga. Dette var før internettet. Det var ingen som filma politivald med telefonane sine, og la det rett ut på Twitter. Det var dei tradisjonelle og ofte nokså konservative mediehusa som bestemde historiene. Men med rapmusikken hadde USA fått ein ny og alternativ mediekanal som snakka om dei harde realitetane for farga ungdom på gatene i fattige bydelar.

Rapparen Scarface (frå Houston-gruppa Geto Boys) skildrar dette godt i sin nye sjølvbiografi, og han gir mykje av æra til N.W.A: «Then N.W.A dropped Straight Outta Compton in the fall of ’88, and that’s what really fucked niggas up.» Og etter kvart var det mange rapparar i heile landet som fortalde liknande historier: «When we got a new album from Tupac or a new album from MC Breed, it was like, No shit? The police are fucking with you in Flint, too? Or, Niggas is selling dope and getting shot in Oakland, too? That’s the same shit that’s going on in North Carolina, which is the same shit that’s going on in Port Arthur, which is the same shit that’s going on in Miami … and that’s why the shit was so popular. Niggas really wanted to hear what was going on in everybody else’s world, and that was a great thing.»

Denne mediekanalen nådde etter kvart resten av verda òg, til og med den norske landsbygda. Og kva syntes me var så bra med N.W.A, altså utover dei opplagde funky kvalitetane? Me syntes nok det var tøft fordi dei var så tøffe. Det var noko eksotisk, og rapparane var tiltrekkande på same måte som tøffingar og gangsterar på film. Men ein slik fascinasjon er berre nok til nokre gjennomlyttingar. Når plata så til dei grader framleis held mål, er det fordi desse «gangsterane» fyrst og fremst er nokre svært musikalske ungdommar som fortel ærleg, engasjert og underhaldande om verkelegheita si.

Den nye filmen har allereie fått mykje god omtale i USA, og med Dr. Dres nye plate, og visst nok ei plate på veg frå Ice Cube, er det no kanskje duka for ei ny N.W.A-bølge — og N.W.A-t-skjorter skal nok verte like hipt som Run DMC- og Ramones-skjorter. Men det spørst om bølga når landsbygda denne gongen. Den lokale film-pusheren her i bygda, Ørsta kino, er dessverre ikkje ein av dei heldige sju som skal vise «Straight Outta Compton».

Fuck it, eg lastar den ned.

Sunday, August 16th, 2015 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments