- Vanskelig å gå med på at det å leie seg en kroppsåpning skulle være «sex»

Endeleg! Eg trudde ikkje eg skulle få leve lenge nok til å oppleve det, men vips: to høgrepolitikarar som er villige til å diskutere det prinsipielle ved sexkjøp. Først Torbjørn Røe Isaksen til Aftenposten: «Sex er intimt knyttet til menneskers følelsesliv, og bare ved å se bort fra dette åpenbare faktum kan man betrakte seksuelle «tjenester» som varer». Deretter Fabian Stang til Klassekampen torsdag denne veka: «Det finnes kanskje ikke noe vakrere enn sex i et menneskes liv. Men dette må være mellom mennesker som er med på det frivillig, og på en måte hvor man har gjensidig respekt. Dette tror jeg ikke det er mulig å betale for.»

Det er noko med debatten rundt sexkjøplova som gjer meg useieleg trist. Eg, som elles reknar meg for å vere passeleg pragmatisk og antidogmatisk, blir redusert til ein bylt emosjonar når det kjem til akkurat denne saka. Eg har lurt på kvifor det er slik. Eg har ikkje grunnlag for å meine noko om kor vidt sexkjøplova fungerer etter føremålet, så det skal ikkje dette stykket handle om. Eg forstår debatten fullt ut, intellektuelt sett, og frustrerande nok sympatiserer eg med argumenta til dei aller fleste partane i saka. Men på same tid er magekjensla mi heilt utvetydig samd med seg sjølv i at sexkjøp er prinsipielt feil, punktum. Den same magen er ikkje i stand til å formulere gyldig argumentasjon for dette bastante synet.

Eg har lurt på kvifor det evige, liberale refrenget «samfunnet kan ikkje kriminalisere frivillige handlingar mellom samtykkande, vaksne menneske» ikkje gjer det minste inntrykk på meg. Den eine grunnen er opplagt: dei aller fleste menneske forstår at det liberale kartet i akkurat denne saka stemmer dårleg med terrenget. Men dersom ein ser vekk frå alt det som dreier seg om tvang, rus, fattigdom, overgrep, trafficking eller fair trade og så vidare, er magekjensla mi likevel den same: sexkjøp i seg sjølv er feil. Dette er sjølvsagt ikkje så oppsiktsvekkande. Det er eit heilt klassisk, feministisk venstreside-standpunkt. Kroppar – og særleg kvinnekroppen – skal ikkje kunne kjøpast som ei kva som helst handelsvare. Spørsmålet er: i kva grad er det muleg å argumentere for dette synet?

Når eg diskuterer dette i mitt indre, kjem eg til kort kvar gong. Eg oppfattar meg sjølv generelt ikkje som ein altfor følelsesstyrt person, eg er sterkt imot at viktige prinsipielle debattar blir tilsløra av sentimentalisering og human touch, og kjenner meg ofte nesten plagsamt nøktern i mange viktige spørsmål. Som nemnt stiller eg meg omlag på midten blant dei ulike «saklege» argumenta i debatten. Eg klarer ikkje stille meg bak det synet som seier at sexkjøp per definisjon er vald mot kvinner – til dét er historiene opplagt like lite einsarta som innafor kva som helst anna område. Og eg stiller meg heller ikkje bak dei som insisterer på nemninga «sexarbeid». Ikkje før NAV kan tillate seg å seie: «eg ser du har ein kropp? Det blir ikkje noka arbeidsledigheitstrygd før du har prøvd deg litt på gata først, vesle ven.»

Så kva er det med akkurat denne saka som gjer at emosjonar trumfar intellektet? Eg hugsar korleis ein lynvisitt innom Red light district i Amsterdam, sidan det jo var noko ein «måtte sjå», omkrinsa av frenetisk knisande skuleungdom på klassetur, mana fram ein nærast kroppsleg depresjon i meg. Eg greidde ikkje å vere «kul». Greidde ikkje å flire kvinnene i vindauga bort. Og eg hugsar korleis eg etterpå, overraskande, kjende ei slags fysisk motvilje mot kjærasten min som eg var der saman med.

Så las eg boka «Det biologiske mennesket» av NTNU-biologane Terje Bongard og Eivin Røskaft, og i den boka står det å lese at «sex med en mann en ikke selv har valgt, vekker til live en av de sterkeste straffefølelser som er evolvert hos kvinner».

Igjen: Sex med ein mann ein ikkje sjølv har valt kjennest som straff. Nokon vil sikkert innvende at prostituerte kan «velje» sine kundar. På same måte som folk kan «velje» å hoppe ut av brennande bygningar. Men her er det altså grunn til å tru at det finst ein djuptliggande, biologisk kjønnsforskjell, i tillegg til dei kulturelle kjønnsforskjellane: kvinner flest veit godt med seg sjølv, og seg i mellom, at prostitusjon har eit høgst reelt, psykisk smertefullt element ved seg, ved sida av det openbare fysiske ubehaget som alle vel kan tenke seg.

Dette oppgir òg dei prostituerte sjølv: måten dei held ut på, er ved å kople følelseslivet heilt ut når nokon kjøper kroppen deira. I alle andre situasjonar vil dét å ligge med nokon som ikkje vil ligge med deg tilbake, definerast som eit overgrep. Og dermed er det altså pengane som legitimerer tilfellet sexkjøp? Dei aller mest beinharde liberalistane forsøker å sidestille sexkjøp med kjøp av kva som helst andre tenester eller yrke der ein bruker kroppen sin. Men må ein frisør kople ut følelseslivet sitt for å halde ut i arbeidet? Nei (sjølv om det av og til kan verke slik). Folk forstår jo at slike analogiar haltar, nettopp fordi sex er noko så kvalitativt ulikt det meste anna.

Dei ivrigaste etter å skrote sexkjøplova er dei tre borgarlege ungdomspartia til Høgre, Venstre og Frp. Det er mulegens ein ufin hersketeknikk å kalle prinsipielle prostitusjonstilhengarar for jomfruer, men ein kunne bli frista til å tru at den unge, borgarlege garde har vore så opptekne med sin liberale, ideologiske politikk at dei aldri har rukke å finne ut kva sex er. For sex med nokon ein ikkje sjølv har valt, er ikkje sex. På same måte som ingen ville finne på å omtale ei valdtekt som «sex», er det vanskeleg å gå med på at dét å leige seg ei kroppsopning til å runke inn i skulle vere «sex». Hjelpetilbodet for prostituerte i Oslo, Pro Sentrets definisjon av prostitusjon går slik: «ein mestringsstrategi for å handtere utfordringar av psykologisk eller materiell art». Er sex ein mestringstrategi for å handtere utfordringar av psykologisk eller materiell art? Sex føreset frivilligheit og gjensidigheit, akkurat slik ordførar Stang slår fast. Beskjeden hans til ungdomspolitikarane er òg befriande anti-ideologisk: «Ulempen med å bli litt gammel er at man stadig tenker seg om».

Dette er neppe eit argument som vil blåse hatten av dei mest ihuga liberalistane, som stadig hevdar at sexkjøp er ein privat transaksjon mellom likestilte vaksne. Men kanskje me iallfall kan vere samde om å bestrebe oss på litt betre språkleg presisjon. For sexkjøplova handlar nettopp ikkje om sex. Det er ei lov som fastslår at å kjøpe eit anna menneske sin kropp, er som å seie: Eg har rett til å ligge med deg sjølv om du ikkje vil ligge med meg. Og i eit moderne samfunn eksisterer ingen slik rett. Og heilt uavhengig av kor vidt lova fungerer – i den grad ho blir handheva av politiet – bør me iallfall kunne vere einige i det følgjande: Ja til gratis sex!

Saturday, January 18th, 2014 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
March 2024
M T W T F S S
« Oct    
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Recent Comments