«Plis, kjære regjering. Jeg orker ikke å gå tilbake til min barnslige oppfatning av partiene som enten gode eller onde»

Som barn hadde eg eit veldig oversiktleg og greitt syn på det norske politiske landskapet: Ap, SV og RV var snille (sistnemnde dessverre òg potensielt valdelege). Høgre var rike egoistar, mens Frp var direkte vondskapsfulle. I midten var det ei lita opphoping av kristne bønder og Lars Sponheim.

Etter kvart møtte denne enkle verklegheitsoppfatninga mi dessverre motstand. Blant anna var det eit sjokk å oppdage at bygdas helsesøster, som eg likte så godt, var lokalpolitikar for ingen ringare enn det kaldblodige partiet Høgre! Det begynte å ane meg at dei norske partia kanskje ikkje først og fremst plasserte seg utover ei snill-vond-akse likevel, og at det mulegens ikkje var heilt slik at mens nokre var for eit hyggeleg samfunn, var andre mot.

For eit par år sidan gav den amerikanske sosialpsykologen Jonathan Haidt ut boka «The Righteous Mind», der han stilte følgande spørsmål: korleis kan det ha seg at normale, greie folk kan ha heilt fullstendig ulike politiske haldningar, og korleis kan høgresida og venstresida betre forstå kvarandre?

Haidts felt er moralpsykologi, og påstanden hans er at det politiske mennesket er langt meir styrt av verdiar og kjensler enn kva me sjølve trur. Me har alle ei moralsk magekjensle som fortel oss kva me meiner i ei sak, før me deretter lar hovudet underbygge synspunktet med rasjonelle argument.

Alle menneske deler nokre grunnverdiar, til dømes omsorg, rettferd og fridom. Kva folk legg i desse verdiane, derimot, varierer. Høgresidefolk er altså like opptatt av omsorg og rettferd som venstresidefolk, dei jobbar til og med som helsesøstre, men dei har gjerne eit anna syn på kva som er god omsorg, og kva som er rettferdig.

«Omsorg» for ein venstrevridd person er gjerne universell og grenselaus, og vektlegg ofte internasjonal solidaritet i form av bistand, liberal asylpolitikk, klimakamp (solidaritet med våre tipp-tipp-tipp-tipp-tippoldebarn), medan høgresidas ide om omsorg har ein tendens til å vere meir lokal, trigga av den lidinga som finst innanfor nærmiljøet, kulturen eller landet.

Høgresida er minst like opptatt av fridom som venstresida, men då meir i form av fridom frå formyndarstatens undertrykking gjennom sine høge skattar og strenge reguleringar, mens venstresida er ekstra opptatt av å forsvare fridomen til sårbare grupper, og meiner styresmaktene må forsvare dei svake mot dei sterkes undertrykking.

Og utruleg nok er både venstresida og høgresida like begeistra for rettferd. Det er derfor det høyrest så idiotisk ut når SV kallar seg «partiet for rettferdighet», som om alle andre parti var mot – og som om veljarane deira skulle vere barnehagebarn. Men mens venstresidas rettferd i stor grad dreier seg om politisk styrt sosial utjamning, er høgresidas rettferd i større grad basert på proporsjonalitet: folk skal få som fortent, og den som arbeider hardast bør få høgast lønn.

Haidts påstand er at folk stemmer etter verdiane sine like mykje som etter lommeboka. Dette har ikkje venstresida forstått, når dei gang på gang litt nedlatande påstår at når arbeidarklassen stemmer til høgre, stemmer dei mot sine eigne interesser. Tvert imot kan det hende at ein stor del av arbeidarklassen stemmer etter dei moralske interessene sine – og følgjer sine moralske instinkt, som seier at ein haustar som ein sår, og som tviler på at politikarane primært skal dedikere seg til omsorg for alle verdas undertrykte, når det går på kostnad av dei undertrykte i lokalsamfunnet.

Høgresida altså – ikkje villige til å la folk døy i gatene likevel. Lesaren må her gjerne førestille seg at teksten på dette punktet er akkompagnert av Griegs Morgenstemning, for å forsterke denne vakre brubygginga mellom venstre og høgre. Men så! Brått sprakar lyden av stiften som blir løfta frå platespelaren. For kva skjer?

Aaakkurat då eg gjennom møysommeleg dialogarbeid hadde greidd å makulere mine gamle, tåpelege forestillingar om høgresida som menneskefiendtleg og usosial, kva gjer dei? Klekkar ut eit statsbudsjett som går så hardt til åtak på normale folks rettferds- og anstendigheitssans at ein skulle tru det var Satan sjølv som hadde ført det i pennen. Og som om ikkje det var nok: når no veljarane flyktar frå begge regjeringsparti til Ap, kronar dei fiaskoen med å trekke folks forstand i tvil: folket har ikkje forstått budsjettet.

Dersom me no tviheld på vår nye oppfatning av høgresida som ikkje besette av vonde makter likevel, kva kan då forklare dette budsjettet? Det mest nærliggande er kanskje at regjeringa rett og slett er litt sosialt uintelligente. Sosial intelligens dreier seg om evna til å sjå korleis ein sjølv framstår, og evna til å leve seg inn i andres situasjon, og er ein av dei viktigaste eigenskapane til gode leiarar.

Plis, kjære regjering, hjelp meg. Eg orkar ikkje gå tilbake til mi barnlege skrotvenstreoppfatning av partia som anten gode eller vonde. Skal me berre seie det slik at de bruker forhandlingsperioden til å rette opp «misforståingane», bestiller eit klassesett av Skikk og bruk, og så startar me med blanke ark på nyåret?

Saturday, November 8th, 2014 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments