«Patetiske Gerhard Heiberg har utstyrt seg med sørgebånd»

DENNE VEKA kom Høgre seg ut av OL-knuten ved å hogga den over. Det var ei god, gammaldags floke, same kor mye statsråd Villvey hoppar opp og ned og alle skal bli med. Ja-sidas elitistiske misjonskall og trua på norsk eksepsjonalisme har gått på eit nytt tap i serien frå 1972 og 1994: Oslo skulle arrangera OL for å visa IOC den norske vintervegen, slik Norge skulle inn i EEC/EF/EU for å innføra vårt godhetsregime der. Marxismen (tendance Groucho) har vunne igjen: «Eg kunne aldri tenka meg å bli medlem av ein klubb som vil ha meg som medlem».

OSLO 2022, Børre Rognlien og Inge Andersen prøvde å snakka Oslo-idretten ned for å få opp entusiasmen i resten av landet. Det var mislykka, for som salig Ulf Torgersen formulerte det: «Elendighetskonkurransen er beinhard, og det kreves store ressurser for å vinne fram i den».

Den patetiske Gerhard Heiberg har utsyrt seg med sørgeband etter at han fekk eit slag i trynet og ikkje kom rundt den folkelige Bøygen. I sitt eige sjølbilde har han gått frå å vera Norges mest populære til mest upopulære mann. Han kallar seg «nordmann av opprinnelse og legning», men er også verdensborgar av gemytt. Så han kan trøysta seg med at firmaet hans har ei stor framtid i å arbeida vidare for kinesiske interesser.

AFTENPOSTEN skuldar Jonas Gahr Støre for «taktisk motivert beslutningsvegring». Men han har jo bare ført vidare eit av Jens Stoltenbergs berekraftige styringsprinsipp: Det er utrulig kor mange tilsynelatande umulige og ubehagelige saker som går over av seg sjøl dersom ein bare har mot til å venta.

Jens Stoltenberg (55) har begynt i ny jobb med det hemmelige kodeordet «produktivitet». I god, norsk stormannsgalskap har vi sendt han til Brussel for at han skal omskapa NATO i vårt bilde. Det blir trulig ei lykke for NATO og ei ulykke for Norge, dersom ein ikkje trur at alt som er godt for NATO er godt for Norge. Stoltenberg tok farvel hos Anne Lindmo der han fortalte at hans kall har vore klima og global barnehelse, men som han så tidsmessig la til: «Krig og fred og sånn er også ganske viktig». Sin militære karriere hadde han i infanteriet på Evjemoen med miljøberserken Kurt Oddekalv som lagførar. Før Stoltenberg forlét gamlelandet, ga han tre dressar til loppemarknaden på Kjelsås. Dei har trulig ikkje lenger det rette snittet. Og det spørs om noen her i landet kan fylla dei.

VLADIMIR PUTIN er ein luring. Ikkje å stola på, som vi veit. Rett nok innrømmer russarane nå at russiske soldatar har slåss i Ukraina, men dei gjorde det som frivillige mens dei hadde perm. Omtrent som norske kommandosoldatar med landets mest dekorerte soldat etter andre verdskrig i spissen. I fritida tok dei på seg ekstraoppdrag med å kidnappa tilbake norske barn som var bortført til utlandet. Til dømes barna til Khalid Skah (Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo). Utan samtidig imøtegåelse frå norske myndigheter.

Saturday, October 4th, 2014 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
March 2024
M T W T F S S
« Oct    
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Recent Comments