Med hodet i plastpose kappast dei om å dytta skamma over på andre

DENNE VEKA rykka Brann og Erna Solberg nedover i divisjonane. Mens tilhengarane slåss på tribunen og brune trøyer og brunstripete politikk rykker opp. Men det skal Erna ha: Ho taper med stil. På cupfinalen mellom Molde og Odd, kapital mot utvikling, stilte ho med Brann-skjerf – i alle fall før kampen. Ho er ingen medgangssupporter, i motsetning til Thorbjørn Jagland frå Lier, som blei ekskludert frå Godsetunionen då han stilte med Rosenborg-skjerf i Trondheim. Men det var før han fekk Harald Stanghelle som kampanjeleiar, naturligvis.

BØKER er den beste julegave for Erna Solberg. I Brenner & bøkene viste ho til fleire sterke forfattarskap, men nemnde ikkje Ayn Rand, Fræmspartiets husgud og statariske pensum. Med fortid som bokhandelmedhjelpar i julestrida, gir Solberg helst bort «hyggelige romaner til å kose seg med». Kordan det kan vera Hanne Ørstavik, Nils Rune Langeland og dei gamle m-l-forfattarane Jon Michelet og Espen Haavardsholm, må ein vera av jern for å begripa. Den yngste medarbeidaren på Statsministerens kontor får Arne Johan Vetlesens «Studier i ondskap». Naturligvis.

MED HODET i plastpose driv dei såkalla samarbeidspartia Svarteper-spelet om statsbudsjettet vidare. Det normale i norsk politikk er å tevla om å ta æra for levelige kompromiss. Nå kappast dei om å dytta skamma over på kvarandre. Frikaren Per Sandberg, som spelte inn att plastposeavgifta som Trine Skei Grande frå det vesle tullepartiet hadde lagt på bordet, har vore på butikktur med ryggsekk og spurt etter Trinepose. Men trass i at Pose-Per er fanga i sitt eige nett, ser han dette som ein frihetsreform: Også dei formuande kan velja bort plastpose. Naturligvis.

FREMSKRITTPARTIETS politikk er litt som alternativ medisin: Ingen dokumentert effekt, men det gir folk flest ei kjensle av å få sagt frå og bli høyrt, og då føler ein seg betre ei stund. Naturligvis.

FJOSEPOSEN er forlegget for plastposeavgifta. Dei nøytrale, men gjenkjennelige polposane blei innført då den gode Bergfrid Fjose frå Kristelig Folkepart var sosialminister. Derfor må det bli Jensenpose på Siv Jensens vakt i Finansdepartementet . Der grip dei begjærlig alle fiskale provenyforslag som kan få ein milliard meir inn i statskassa, og mindre ut. Det minner om då presten, skulemannen og politikaren Kolbjørn Varmann, som var samferdselsminister under Einar Gerhardsen, før eit val turnerte Nord-Norge og lova bort moloar både her og der. Då han kom tilbake etter valet og veljarane klaga over at det ikkje var pengar til molo på statsbudsjettet, svarte Varmann: «Eg vil, men departementet vil ikkje». Etter det blei han fylkesmann i Finnmark. Naturligvis.

I GÅR, 28. november, var det 20 år sidan folket sa nei til EU, med Anne Enger Lahnstein som dronning. Nå er fylkesmann Anne Enger skeptisk til folkerøysting om kommunesamanslåingar. Som Kongens og den til ei kvar tid sittande regjerings representant i Østfold, naturligvis.

Saturday, November 29th, 2014 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments