- Dette er det ultimate symbolet på kvinneforakt

For tre-fire år sidan var eg to veker i Qatar. På hotellet der eg budde, var det ein qatarsk familie som overnatta. Då dei kom til frokost, var far og barn kledde i vestlege klede, medan mor var heildekt i svart med niqab framfor ansiktet. Dei sette seg strategisk ved eit bord inne ved veggen, med mor heilt innerst. Far og barn forsynte seg frå buffeten, og far henta mat til mor som ikkje rikka seg frå stolen. Kvar gong ho skulle ete, vendte ho ansiktet mot veggen, lyfta opp niqaben og putta mat i munnen. Kultursjokkert slo det meg at denne kvinna var i fengsel. Midlertidig ute i luftegarden, riktignok, men med mannen som fangevoktar og niqaben som lenke kring foten.

Dette var før Frankrike, som det første vestlege landet, vedtok forbod mot heildekkjande plagg i det offentlege rom, før debatten om niqab skaut fart her til lands, og lenge før Menneskerettsdomstolen i Haag godkjende det franske forbodet som ikkje menneskerettsstridig.

Niqab og burka er dei ultimate symbola på kvinneundertrykkjing og kvinneforakt. I totalitære islamske regime og i område kontrollerte av terrororganisasjonar som Taliban, og etter kvart dei enda meir brutale massemordarane og overgriparane i IS, designar menn sine eigne gudar. I sitt bilde skaper dei gudane sine. Så onde, hemngjerrige, fordømande, brutale og hatefullt undertrykkjande er dei, at dei får ein kvar satan til å framstå som yndige, små pudlar. Desse gudeskapningane brukar dei så som påskot og alibi for å tvinge kvinner inn i burka og bak niqab. Dei aller mest ekstreme vil til og med dekkje auga deira. På den måten får dei totalkontroll over kvinnene som må freiste eit tilvere som var dei fangar i ein lenkegjeng.

Og nåde den som måtte prøve å trå ut av rekkene. Jenter som påpeikar det viktige med utdanning, blir skotne. Unge jenter blir tekne til fange i hopetal, valdtekne og selde som slavar av ondskap i mannfolkdrakt. Jenteskular blir angripne med gass. Valdtekne kvinner blir behandla som kriminelle. Skulle ei kvinne våge å elske den ho vil, kan ho bli steina til døde.

På det private plan kan òg burka og niqab fungere som undertrykkjande maktmiddel. Ektemenn kan lage privat husarrest for konene sine og tvinge på dei heildekkjing om dei har tenkt seg utanfor døra. Det same kan familiar gjere med sine søstrer og døtrer. På den måten fråranar dei kvinnene ei kvar mogelegheit for sjølvrealisering utanom det å vere hustru og mor. For ingen kvinner kan bli OL-vinnar i høgdehopp eller kaptein på fotballlandslaget iført niqab. Dei kan ikkje hive seg på sykkelen og dra over til naboen ei kveldsstund eller leike med barna og lære dei å symje i havet. Kvinner i burka blir hindra i å ta utdanning og skaffe seg jobb medan mennene deira har ein heilt annan fridom.

Talet på kvinner med nigab og burka er ikkje veldig høgt i Noreg. Så grunnen til at desse plagga har utløyst ein heftig debatt i alle slags media, er at talet er aukande, og kvinnene har blitt meir «synlege» i gatebildet. Grovt sett kan vi dele dei heildekte inn i to kategoriar; kvinner som blir tvinga til å dekkje seg til, og ei aukande rekke unge, radikale, politisk medvitne kvinner, gjerne i utkanten av Profetens Ummah, som ser på plagga som politiskreligiøse symbol, og som insisterer på å bære sin niqab som dei vil. Dei sistnemnde dekkjer seg til når dei føler for det. Dei syner ansikt under utdanning og i jobb, men i andre situasjonar demonstrerer dei sin rett til å kle seg som dei vil.

Det debatten kokar ned til i Noreg, er eitt einaste spørsmål: Skal vi innføre niqab- og burkaforbod? Mitt svar på dette kompliserte spørsmålet, er ganske enkelt: «Ja.» Dei aller fleste vil ha eit ope samfunn i Noreg. Ansiktslause menneske bidrar ikkje til det. Vi må kunne krevje å sjå kven vi sit ansikt til ansikt med på bussen, kven vi underviser, kven vi ekspederer i banken og i butikken, kven vi slepper gjennom toll og sikkerheitskontroll. Dei ansiktslause gjer mange utrygge og provoserer enda fleire. Som samfunn må vi kunne slå fast at slik vil vi ikkje ha det.

«Eit niqabforbod vil føre til at nokre kvinner blir fanga i sin eigen heim,» er eit vektig argument mot forbod. Dette er komplisert. Nokre få kvinner vil få innsnevra fridomen sin enda meir. «Dei blir straffa i staden for mennene,» blir det hevda. Vi får vere så kyniske å tenke at mennene blir straffa ved at dei må gjere alle «kvinnetinga» som å handle og hente og bringe barn i barnehage og skule om kvinnene ikkje får gå utandørs. Kan hende det vil få dei til å revidere synet på heildekkjing.

Dei unge, fremadstormande, radikale, islamistiske kvinnene har ei anna tilnærming: Det er deira demokratiske rett å kle seg som dei vil, hevdar dei. Eit niqabforbod er eit åtak på sjølve demokratiet og på ytringsfridomen som er så heilag i Noreg. Samtidig vil det undergrave religionsfridomen om dei ikkje får kle seg som religionen deira krev. Det ironiske er at mange av desse kvinnene ser med forakt på alt dei vestlege demokratia står for. Enkelte av dei jublar over IS sin framgang i Irak. Hadde dei fått bestemme, hadde Noreg blitt eit av desse totalitære samfunna der det korkje er ytrings- eller religionsfridom. Difor utnyttar dei kynisk våre demokratiske forordningar som middel for å kunne arbeide for å fjerne dei sjølvsame forordningane. Det blir som å nære slangar ved eige bryst.

Muslimske kvinner som har flykta til Noreg frå burkatvang, forfylgjing og undertrykkjing, må oppleve det som ei hån og eit svik at nokre av deira yngre medsystrer insisterer på å skape dei same tilhøva her i landet.

Eit niqab- og burkaforbod er ikkje menneskerettsstridig, har Menneskerettsdomstolen i Haag slått fast. Likevel er det ikkje uproblematisk å rokke ved demokratiske rettar i eit samfunn som er så tufta på demokrati. Men vil vi ha eit opnare og meir menneskeleg samfunn, meiner eg at vi må våge å seie at det i det offentlege, norske rom ikkje er greit med frislepp av dei fryktelegaste symbola som finst på kvinneundertrykking og forfylgjing av kvinner i store delar av verda.   

Sunday, August 24th, 2014 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
March 2024
M T W T F S S
« Oct    
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Recent Comments