Kloakk-resirkulering er løysinga, ikkje økologisk landbruk

13. september skreiv Matilde Angeltveit eit innlegg mot ei fosfatgruve som er planlagd i Larvik. Ho har rett i at det er lurt å spara på fosfor, bruka næringsstoff opp att, og at gruver bør skåna naturen so langt som råd, og gagna lokalsamfunnet.


Åsmund Kvifte, miljøvitar
Vis mer

Men synet hennar på fosfor er diverre utdatert – slik trudde me det var for fem-seks år sidan, men nyare forsking teiknar eit anna bilete. Det er nok fosfor i verda, men 70 % av ressursane ligg i Marokko og Marokko-okkuperte Vest-Sahara. Oppstår det fosformangel i vår levetid, er det av di nokon tener seg rike på å selja lite og dyrt, ikkje av di det ikkje finst fosfor å få tak i.

Gjenbruk er, som Matilde seier, måten me kan sikra at me har nok fosfor til å gjødsla åkrane våre i framtida. I dag er både konvensjonelt og økologisk landbruk dårlege på denne biten.

Når me et, vil mesteparten av fosforet i maten enda opp i kloakken. Fosforet i maten kjem frå jorda i åkeren, og då vert det mindre att i åkeren. Dette er uavhengig om maten er konvensjonelt eller økologisk dyrka.

Skilnaden på økologisk og konvensjonelt landbruk er kor fosforgjødsla kjem frå. I konvensjonelt kjem det frå gruver og husdyr, i økologisk frå husdyr. Begge delar ender opp i kloakken, begge deler bryt fosforkrinslaupet.

Bruk av hønsegjødsel til grønsaksdyrking let oss eta både kylling og kålrot av same fosforressursen. Bruk av kumøk i korndyrking let oss eta både biff og brød. Ved å bruka ein større del husdyrgjødsel, kan me gjera fosforbruken vår meir effektiv, men når me har ete maten, er fosforet like tapt som om det berre vart nytta mineralgjødsel.

Skal me kunna nytta fosfor opp att, må me gjera fosforet i kloakken om til gjødsel. Me må utvikla måter å nytta menneskegjødsel på som ikkje gjer folk sjuke, spreier vanskeleg nedbrytbare medisinske og hygieniske produkt eller fører til opphoping av giftstoff i jorda. Her ligg løysinga, men me har mykje me må læra oss!

Wednesday, September 14th, 2016 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
March 2024
M T W T F S S
« Oct    
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Recent Comments