- Hun tenkte på utdanning og arbeidserfaring. At velferdsstaten går i minus om kvinner ikke gir sitt

Ein gong i veka befann ho seg på eit kursopplegg. Etter syv månadar i redusert stilling på grunn av sjukemelding hadde det kome eit brev frå NAV. Om ho ville vere med på eit forskningsprosjekt? Tja, jo, kvifor ikkje. Eit gratis kurs. Fint å lære nye ting.

Ho hadde vekse opp mellom fjellvegetasjon og fjordspeglar, bygdedyr og bygdeoriginalar. Om våren hadde far gjort sykkelen hennar klar for ny sesong, medan mor oppmuntra ho til å male fleire gipsfigurar til påske. I skogen stod bestefar og høgg ved. Avisene skreiv at Norge mangla ingeniørar og at for få jenter tok matte. Ho tok dei allmenne faga med realfagleg retning. Snart stod verda for føtene hennar.

Vel framme i nærmaste storby gjekk ho opp trappa til universitetet. Ho tok eksamenar i Analyse, Utvikling og Rådgjevning. Med Master i Risikoanalyse og Turbulens og ein doktorgrad i Tidsrekkemodellar, såg alt lyst ut. Snart var ho ute i arbeidslivet.

Velkommen hit, sa dei. Tenk, dei ti beste søkjarane var berre kvinner. Vi burde ta inn ein mann for kjønnsbalansens skuld. Men det får bli neste gong. Her er bordet du skal sitte ved. Her er datamaskina du skal få bruke. Velkommen.

Ho kikka entusiastisk utover erfarne, velrennomerte medarbeidarar. Dette skulle nok bli bra. Snart fekk ho tillit og ansvar, ros og anerkjennelse.

Ho jobba godt. Mange timar, kvar dag. Det kom nokre barn, dei fekk gå i bydelens barnehage. Ho jobba vidare. Om kveldane gav ho alltid det lille ekstra. For å utvikle seg, lære og vise resultat.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Ho hadde nett avslutta eit kurs i Akademisk skriving. Levert inn eit prosjekt om Fjernmåling. Samla ein tenketank om Karriere og livsløp. Brått sa kroppen stopp. Den kunne ikkje gripe tak, om henne, om dagane. Kunne ikkje puste djupt nok. Kunne berre kjenne etter. Det kjentes ikkje bra. Tankefull hadde ho besøkt legen for første gong på fleire år, og straks vorte sjukemeldt.

Velkommen hit, sa kurshaldaren. Her skal vi snakke om det å vere tilstades der vi er. Og så skal vi sjå om vi kan få dykk tilbake i jobb. No skal vi alle lukke augo og kjenne på pusten. Inn går pusten. Og ut att.

Ho hadde prøvd yoga. Pilates, meditasjon og pusteteknikkar. Unngått gluten og vaska håret med naturbalsam. Ho likte å spele musikk, å lage ting og å sitte og kikke ut i lufta. Det hadde ho riktignok hatt minimalt med tid til. Men no, dette, kroppen, vekk.

Ho greide ikkje å jobbe full tid og kom i kategorien langtidssjukemeldt. Ingen forstod. Ho kunne berre konstatere at kroppen protesterte. Kontorlandskapet stressa opp pulsen. Lange gangar vart mørke sluk. Å sitje stille var tortur. I alt ho gjorde såg ho berre e-postarkiv og kopiark.

Med mindre tid på kontoret, fekk ho vel fylle tida med andre interesser ho hadde. Men det var ikkje så lett å forsvare dette, tykte ho. Kven var ho til å sitte heime å strikke seg ein genser? Skulle ho plutseleg byrje servere borna heimebaka brød og langtidskokte gryter? Skulle ho stryke dynetrekk, reparere holete klede og ha skinnande reine vindauge? Kor samfunnsnyttig var det? Det var vel ikkje akkurat 1960 heller.

Ho tenkte på da ho var barn, heime med mor. Sine barn sendte ho barnehagen. Det var praktisk, godt, sosialt utviklande for dei. Dei var i barnehagen kvar dag i 4 år. Rundt 7000 timar, som ho hadde hatt med mor si.

Du må ikkje tenkje så mykje, sa dei. Du må heller trene meir. Ho kikka på treningsstudioet. Svarte og grå maskiner med inneklemte folk i rosa og blått. Rekkene av tv-skjermar. Robevegelsane som var så uendeleg langt i frå saltsprut og tjærelukt. Var det dette som var livet anno 2014?

Du som har så skarpt eit hovude, sa dei. Hovudet hadde gjeve ho alt ho levde av. Ho kikka på arbeidsplassen sin. Bordet, datamaskina, den slitte stolen. Utsikta mot det grå gårdsrommet som frå tidlege morgontimar var opplyst av 9 etasjar med bord, stolar, datamaskiner og bøygde nakkar. Var dette verkeleg alt?

Burde ho gå ned i stillingsprosent? Få meir tid til å lage ting, ta initiativ i nabolaget og skrive engasjerte avisinnlegg? Vere meir mor og meir dotter og dyrke i hagen?

Ho tenkte på utdanning og arbeidserfaring. På alle dei som hadde klappa i hendene. På radioen snakka dei om at ein ikkje bør jobbe deltid. Om potensialet som ligg i kvinnene, at dei må arbeide meir. At velferdsstaten ikkje går i hop om dei ikkje gjev sitt.

Ho tenkte på da ho valgte linje på vidaregåande skule. Den vage varmen ho hadde kjent for tømrarlinja. Med skrå blikk hadde ho betrakta dei, lutrygga bleike gutar i arbeidsbukser. Dei som ikkje hadde gode nok karakterar. Ho tok sine allmenne fag, sine universitetetsår, sine masterar på normert tid. Og så? Ikkje visste ho. No sat ho her, på eit kurs i å vere tilstades.

Ho tenkte på bestefar. Det svette ansiktet hans medan han hogde ved. Uttrykket i augo som viste at det han gjorde var viktig og rett.

På kurset lukka dei augo og kjende på pusten og tankestraumane. I tredje pust, føtene tappande mot golvet, hendene med ilingar. Dei pusta inn.

Ho tenkte på vedsekkane med bjørk fra Litauen på landets bensinstasjonar. Blasse bjørketre, som lukta gjødsel og dårlege kjemikalier når dei brann i omnen. Tenkte på aude landsbygder med fattige bønder. Ømme hender og dårlege lønningar. Gav det meining?

Ikkje visste ho. Ho gjekk på byggvarehandelen. Fann eit par litt for store arbeidshanskar. Ei sag. Og ei øks.

Ho gjekk ut i skogen. Felte fine tre. Saga i 30 cm lengder. Kløyvde i vakre kubbar. Ho hadde sett korleis bestefar hadde gjort det. Ho høgg, stabla, høgg meir, stabla meir. Kjente korleis hovudet vart roleg, tankane stille og hendene, for første gong på lang tid, varme.

Var det rett å gå sjukemeldt, når ho var frisk nok til å hogge ved? Ho rådførte seg med rislinga i furutoppane. Var usikker på kva svar ho fekk. Planen var vel i alle fall at ho skulle bli frisk. Bli i stand til å ta del att.

Og pust ut, sa kurshaldaren. Kjenn på magen. Kjenn på hoftene.

En lengre versjon av denne teksten vant Radikal Portals skrivekonkurranse om å være kvinne i dag er publisert på deres nettsider.

Thursday, May 22nd, 2014 Bil

No comments yet.

Leave a comment

 
April 2024
M T W T F S S
« Oct    
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Recent Comments